Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Alt skrevet av Bellare

  1. Kanskje stalosan kan funke? Er i grunn slikt man brukar i fjøs mot ammoniakkdamp, suge opp fuktighet, redusere smitte, flugelarvar osv...
  2. Det beste som finst, å få børne rundt som den tullingen ho er ? Pinnedyret ?
  3. Tida går så alt for fort, lille propellen Cira har allerede rukke og bli 6.5 mnd. gammal! Trur aldri eg har vert borti ein så behageleg kvalp og ha i hus. Ho kan ha sine frustrerande stunder, men det druknar i alt det som er så bra. Husrein, null problem med og vere heime aleine, stort sett roleg inne, søv natta gjennom... Ho ligg stort sett i bur når vi er vekke, men skal eg ein kjapp tur på butikken (har 10 minutt ein veg, så kjapp og kjapp...), prøvar eg og la ho vere laus med dei andre i stua. Så langt har det gått veldig bra! Har kun komt heim til at ho har vert i vedkorga og funne seg ei vedskie ho kan tygge på. Og så lenge det kun er veden det går ut over, så er det heilt greit! I Februar var ho meldt på til Nordhordalandsutstillinga i Lindåshallen. Det gikk veldig bra og Cira fikk ein veldig fin kritikk, mens eg fikk ein mindre fin ein, for eg gav for mykje godbitar ? "Very pleasing feminin head and expression. Good neck. Well placed shoulders. Excellent topline. Nice balanced overline. Moving very soundly in both directions. Handler over baiting a little." BIR og HP Planen var og melde på til NKK Bergen, men der er det vist ikkje kvalpeshow, så då gikk den i dass. Då blir det heller 2 dagers i Ålesund i staden. Aldri vert der oppe før, så tek det som ein kosetur med kun 1 hund og sambuar på slep. Og så blir det forhåpentlegvis NKK Trondheim i ferien, då har Cira nett bikka over i junior-klassen, og blir kanskje å stille mot eine kullsøstera si der. Cira (4 mnd.), Hera og Ronja (svigers hund) Cira og Catania Dronninga, begynt og bli litt grå i barten for tida ? Cira og Hera, er som pompel og pilt. Herjar rundt så busta fyk ?
  4. Eg har halvstrup halsbånd frå Bayaana til eine Etnahunden min, sydd på mål med fargar og tekst etter ønske. Det har begynt og bli nokre år gammalt no, men ser fortsatt like fint ut og eg har enda ikkje opplevd at ho har klart og få det av. Blir garantert å bestille eit til kvalpen også, når ho er ferdig utvokst
  5. Catania (Etnahund) hadde si første løpetid 10 mnd. gammal, og går med 8-10 mnd. intervallar (stort sett 9 mnd., men hender det skiftar innimellom) Hera (NEG) hadde si første løpetid 9 mnd. gammal, og er veldig nøyaktig på 6 mnd. intervallar.
  6. https://www.nrk.no/sognogfjordane/tico-har-fatt-ny-heim_-_-me-blei-selde-da-me-sag-han-pa-tv-1.14468468
  7. Veke 9: 25/2: 26/2: Bellare 27/2: 28/2: 1/3: 2/3: 3/3:
  8. Vi snørekjører ein del med bikkjene på vinteren, og eg har nyleg fått meg nye ski; Åsnes breidablikk jaktski. Dei er breiare enn vanlege ski og går dermed ikkje nedi sporet. Dei kan man også ha feller til, og dei er utan stålkant. Vi går kun i preppa løyper, men er veldig fornøgd med skia, føler eg har bedre kontroll på breidablikk enn dei gamle, smale skia eg hadde Veit Åsnes har komt med nokre nye "hundeski" også, ein smalare variant som passar i skisporet; Åsnes finnmark 54
  9. Han har havna hos ein kollega av sambuar, som bur litt "ute på landet". Så der tenker eg han får det heilt topp ? superhunden_tico heiter han på instagram
  10. Ei venninne har smitta meg med hekledilla, og sidan ei anna venninne ventar sin første baby, har eg begynt og hekle på litt babyting. I utgangspunktet var planen eit babyteppe (med vansklegheitsgrad ekspert ?), men fant ut at eg måtte begynne med noko litt enklare først for og komme inn i det her. Så då vart det ein koseklut. Sjølve flodhest hodet og delane var relativt greie, men sjølve duken... Å herre mi tid! Etter 4 forsøk klarte eg endeleg og få den noko lunde riktig, men etter eit besøk av mamma, endte det med å rekke opp igjen nesten alt. Men på forsøk nr. 5 vart det både mønster og bue i duken! Den vart litt rar, men samtidig litt søt ? Så no har eg omsider komt i gong med teppet, spent på om eg får det til. Skal allerede til på omgang nr. 6, og so far so good!
  11. Elvebyen's Amelia, aka Cira. Født 13. September 2018. Samme dag som Catania faktisk! Ein så utruleg herleg kvalp, og i rake motsetning til korleis Catania var. Ho her er så trygg og fin på alt, elskar folk, driter i om vi går ut av huset og ho er aleine, stort sett roleg, håndterbar og så kom ho i hus nærmast husrein. Og no, straks 4 mnd. gammal, går ho gjerne til døra når ho må ut ? Skal prøve og få stilt ho ein del, så vurderar om eg skal melde ho på til Nordhordalandsutstilling i februar. Spørsmålet er berre om eg gidder stå opp før fuglane fiser og kjøre i 3 timar, lang dag på utstilling og så 3 timar heim igjen. Ellers må eg vente heilt til april! Catania som ikkje likar kvalpar, er overraskande tolerant ovanfor Cira. Catania er nok litt rasistisk av seg, for ho har sikkert skjønt at Cira er av samme rase ? Firkløveren vår ? (Korleis får man endra overskrifta?)
  12. Har snakka med svenske Agria dyreforsikring på facebook, og ho seier nummeret er riktig. Ho hadde nett prøvd det sjølv, og nådd fram. Når eg prøvar 0046 og +46 forran, då står det at eg ringer til sverige, men anropet blir avslutta før det kjem noke pipelyd. Merkeleg! Sendte mail til dei i helga, så håpar på svar der då
  13. Sendte i går. Såg jo også at det vart sendt morgonen etter at eg bestilte, så det her tar jo nesten litt unormalt lang tid... Bestilte noko frå dogmania i sverige dagen før, og det var her på under ei veke.
  14. @Djervekvinnen og @MonicaT Har dåke fått bestillinga frå agriashop.se? Bestilte noko derifrå 5. desember, men har ikkje fått noko meir enn ordrebekreftelsen dagen eg bestilte...
  15. Lille pirajaen er allerede 13 veker i morgon, og har vert her i snart 2 veker. Ho og Hera har blitt som knoll og tott, dei leikar og styrar på mellom alle soveøktene. Ho har hatt nokre økte med sutring i 4- tida på natta, men sidan ho fint klarte å halde seg heile 9t dei første par nettene, har eg venta ho ut. Så no søv ho stort sett natta gjennom igjen, kun ut tidleg på morgonkvisten før jobb, og eg mistenker at ho syns det er litt i tidlegaste laget og stå opp kl. 06 når eg har tidlegvakt. Då går ho og legger seg i sofaen etter fôring og lufting Var på 12-vekers kontroll/vaksinering i dag. Alt i skjønnaste orden, og så sjarmerte ho sjølvsagt nokre av dei som jobba på klinikken
  16. Då har Cira vert hos oss i 2.5 døgn, og eg kan ikkje sei anna enn at det har gått over all forventning! Bilturen frå Drammen og tilbake til Fagernes gikk strålande, kun litt piping dei 5 første minutta, så sov ho resten av vegen. Kun hatt 2 uhell inne, og det var på fredagen. SÅ innmari glad i folk, og springer inn og rundt i ukjente hus for og undersøke alt mulig. Også så roleg som ho er! Berre håpar det varer Natt til lørdag sov ho natta gjennom, men vart vekt av vekkerklokka til sambuar som skulle ut på jakt. Mens i dag våkna ho ikkje før litt over 10, så det kan vi like! Og så sov ho heile den lange bilturen på knappe 5 timar, frå Fagernes og heim, i dag. Dei andre bikkjene har tatt ho i mot som forventa,; dei to grå syns ho er ok, mens Catania syns ho er ekkel. Men ho syns alle kvalpar er ekle, så det reknar eg med går seg til etterkvart som Cira blir større, slik det gjorde med Hera Planen er at sambuar skal ta ho med seg på jobb, men kjenner eg blir litt småstressa sidan han kom på at han skulle til Oslo tre dagar kommande veke. Han har heldigvis bil med kupevarmer (eller noke sånt) som eg kan bruke mens han er vekke, så er jo berre å trykke på ein knapp så ho skal få det varmt og behageleg i bilen i løpet av arbeidsdagane. Men så er jo spørsmålet om eg skal ut og lufte ho fleire gangar, men då kun veldig raskt, eller la ho ligge til eg tek pause og bruke pausen på og lufte og slite ho ut litt. Sånn låg Catania også når ho var lita, så trur det her må vere ein Etnahund greie
  17. Agria i sverige har nettbutikk; agrishop.se Men trur Agria pleier å ta med når dei har stand, i vert fall på dei store utstillingane. Der eg kjøpte det eg hadde
  18. 10 lange dagar igjen til vi hentar Cira! Har fulgt litt med på korleis det har gått med eine søstera hennar etter at ho flytta på laurdag, og det verkar til å vere veldig trygge kvalpar. Ho slo seg til ro med ein gong, som om ho hadde budd der i vekesvis. Er nysgjerrig og utforskande, og alt det som hører med eit lite kvalpetroll Men kjenner eg gruar meg til tissing inne, opp på natta og alt det mindre koselege som kjem med ein kvalp. Hugsar Hera som eit lite skrekk-eksempel
  19. Takk for forslag ? Så glad eg slapp å velge namn til Catania sjølv ?
  20. Nei, vi blir ikkje heilt enige her Eg likar veldig godt Zaira, men sambuar er ikkje så begeistra. Cira er også fint, men føler det muligens blir litt før likt Hera... Kom over Iva i sta, så sitter og "smakar" litt på det no. Navn er vanskeleg!
  21. Takk Født på samme dag som Catania til og med! Dei er leveringsklare no til helga, men vi får ikkje henta før 1. desember helga, lenge til! Men fin førjulsgåve til meg sjølv
  22. Eg som ikkje skulle ha kvalp... Den planen gikk i vasken gitt! For ho her flyttar inn om 2-3 veker
  23. Prøvar ein ny rett til middag, nemleg kjekjøtt i langpanne. Og no som kjekjøttet har begynt å gi frå seg litt deilig matlukt i huset, oppfører Catania seg heilt merkeleg. Går rundt og værer, bjeffar, skeptisk til kjøkkenet, uroleg og piper. Til og med når eg hadde ho ut for å tisse var ho litt skeptisk til å skulle gå inn igjen. Aldri opplevd før! Ho er jo eit matvrak som pleier å sitte klar når det er matlaging på gang
  24. Er nok positive og negative sider med begge deler. Med ein kvalp må man jo springe ut i tide og utide, tørke tiss og bæsj inne, sikre ting og tang frå skarpe kvalpetenner osv. Mens ein 2 år gammal hund for lengst gjerne er blitt husrein og komt over den verste "ødeleggelses" perioden. Men ein voksen/ung omplasseringshund kan jo også komme med ein del unotar som kan ta tid å trene vekk. Hundar er jo lærevillige til dei er gamle og grå, men det er individuelt kor morro dei syns det er Trur eg ville vurdert kor mykje tid eg hadde hatt til ein kvalp, då spesielt med tanke på jobb og aleine-heime trening. Kan jo vere verdt og ha omplasseringshunden på prøve og kjenne litt på det?
×
×
  • Opprett ny...