Gå til innhold
Hundesonen.no

Bellare

Medlemmer
  • Innholdsteller

    1,803
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Days Won

    8

Alt skrevet av Bellare

  1. For begge kne samtidig: Rundt 26.000,- Vart ikkje forsikringa overført til deg då, sånn at ho har vert forsikra frå start av? Eg Kjøpte ikkje Etnaen min før ho nærma seg 4 mnd. og då vart forsikringa berre flytta over på meg.
  2. Budde på Nøtterøy når ho skulle opererast, så ho vart operert ved Tønsberg dyreklinikk
  3. Kan høres ut som patella, så greit å få det sjekka. Etnahunden viste det med at ho begynte å trekke opp beinet litt og småhalta litt no og litt då. Tenkte ikkje så mykje over det, sidan det ikkje er nokon kjent sjukdom på rasen, og andre meinte det kanskje kunne vere voksesmerter. Men eine gongen kjente eg sølv på kneet mens eg bøyde forsiktig på det, og kjente veldig tydeleg at det var noko som "poppa" ut/inn inni der. så ho fikk påvist patella på begge kne rett før fylte 9 mnd. og vart operert på begge kne samme dag. Ho hadde alvorleg grad, så dei måtte skrape ut ny fure og skru ho saman igjen. Ho er per i dag 5 år og lever eit greit aktivt liv utan plagar. Ho springer stort sett laus på tur i skog og mark, er med på bratte fjellturar i vestlandsk natur, trekker på sykkel, har konkurrert i LP1, har så vidt prøvd seg på agility for nokre år tilbake. Så ein hund med patella kan så absolutt leve eit like aktivt liv som ein hund utan
  4. Vi var å henta oss fem nye kyllingar i dag. 2 stykk Cream Legbar og 3 stykk Tverrstripa Maran. Kryssar fingra for at alle er høner, var ikkje så lett å sjå på Maran kyllingane
  5. Klara syns det er superstas å rote rundt i den svære høyposen vår, når dei får sleppe ut. I går hadde ho til og med lagt eit egg der [emoji28] Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  6. Halbetennelse er noke dritt. Nokon gode kjerrigråd for det? Har drukke mengder med te og vatn, samt stappa i meg Doc halslinser.
  7. Har Mammut Mid ll GTX fjellsko, elskar dei! Er nok litt lave om det er ein del snø, men ellers syns eg dei held på varmen og er greit vanntette. Har tråkka ned i ei elv med mine, utan å bli våt på beina. Syns dei funkar året rundt som både tur- og fjellsko
  8. @Linda=D har vel jobba på Tunge, om eg ikkje hugsar heilt feil? [emoji5] Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  9. Måtte bli kvitt litt egg, så då rota eg ihop ei røre til gulrotkake og lagde "gulrotmuffins". Aldri laga i muffinsformer før, men litt enklare å fryse ned. Vart knallgode og kjempeluftige
  10. 00:30 – På tide og finne senga. 07:00 – Hera måtte skikkeleg på do, så då var det berre å hive på seg ei bukse og eit par sko. Catania syns det var litt i tidlegaste laget på ein søndag. 11:30 – Vi hadde lagt oss igjen, og vart vekt av mamma som ringte. Vi skulle ut på besøk til mormor og besten + resten av bøtteballetten. Slektningar frå østlandet er på besøk. 12:00 – Vi har komt oss ut av senga og ut på tissetur før frukost. 12:30 – Før vi kjørte avgårde, måtte eg fôre endene og hønene. Har sett etter egg hos hønene kvar dag denne veka, men kanskje ikkje så rart eg ikkje har funne egg, når dei har gjømt dei unna lengre inne i rugekassa. Måtte jo ha lys for og sjå dei! 13:30 – Vi er hos mormor og besten, fint og strekke litt på beina der! 14:30 – Slappe av litt inne. 15:30 – Vi skal til å kjøre heimover igjen. Enya må sjekke ut og markere litt der Catania tissa. Viktige greier! 16:30 – Endene og hønene har fått nytt vatn, og eg plukka egg frå anda som er ute. Begynner å hope seg litt opp her, enda eg har gitt vekk litt til mamma! 18:30 – Ser kakekrigen. 19:30 – Sitter inne og tek livet med ro, mens vinden ruskar godt ute. 20:30 – Satte på «Min bror bjørnen 2». 21:30 – Kveldslufting. Eg er superpingle når eg er aleine, enda verre når det er uvær, og sjølvsagt er det dei dagane bikkjene kniper igjen… 22:30 – Inne og hører vinden suse ute. Blir nok ikkje gjort stort meir no, så tenker eg avsluttar her.
  11. Vegvesenet må få litt skryt innimellom altså! Når eg kom heim igjen i sta, var det eit lite tre som hadde knekt oppi skråninga på andre sida av vegen for huset vårt, så toppen av treet, som var full i smågreiner og mykje blad, låg ut til midten av kjørebana. Sambuar som er på elgjakt på østlandet, prøvde å få tak i naboen, men sidan han ikkje tok telefonen, ringte han til vegvesenet som kom iløpet av timen og fiksa opp med ein gong
  12. Kvifor skal det alltid begynne å regne når eg har fri? Vert så fint heile veka, men så fort eg skal ha ekstra langhelg, då kjem regnet. Håplaust.
  13. Heimelaga orientalsk kyllinggryte med ris, nomnom!
  14. Ei gråfrøken i hus som var veldig fornøgd med kaninleika som kom no i veka! La den frå meg på kjøkkendisken men den vart kjapt spora opp, så endte nesten opp med ei frøken på kjøkkendisken gitt, for ho ville ha den leika
  15. Blir vårrullar med storfekjøtt og salat som tilbehør i dag. Enkelt og greit Mens i morgon blir det ytrefilet av storfe hos pappa, fint å bli invitert på god biff middag når man er aleine heime
  16. Fikk rekning frå Agria i dag. Blir nesten litt skremt slik dei øker prisen for kvart år
  17. Lille bebis på 3 veker er ikkje lenger så liten lenger. Den skyt i været! Veldig spent på kva kjønn det er, kryssar fingra for at det er ei lita "andrine" Og så har eg blitt bitt litt meir av hønebasillen. Er så smått på utkikk etter nokre nye høner av større rase, så vi kan halde oss sjølv med egg av normal/stor størrelse. Så ringte mormor og nevnte at ei som bur eit stykke ovanfor dei, driv ein del med høns. Som sagt så gjort, så har eg vert i kontakt med ho, og ho ventar klekk om ca. 3 veker. Vi skal ut og hilse på ho og alle hønene hennar, når sambuar er heime igjen frå elgjakta. Så om det blir høner no, blir det kanskje Cream Legbar eller Maran. Heller mest mot Cream Legbar så langt Om nokon har erfaring med dei to rasane, så fortell gjerne korleis dei er!
  18. Kan vel like gjerne bruke ein passe stor sekk om du har, som du bygger opp med tepper og slikt i bunnen, så den kan ligge i den, om den blir sliten på tur?
  19. I dag vart det enkelt: Hyrdepai frå frysen, som eg lagde for eit par veker sidan
  20. Blir litt satt ut av folk som berre troppar opp på døra her og vil kjøpe rugeegg Kom brått ein ukjent bil inn på tunet her, det var ein mann som hadde lyst på ender igjen og som hugsa å ha sett endene våre når han hadde kjørt forbi her tidlegare ein gong. Vi har jo ikkje tenkt å drive salg av rugeegg ein gong, men dei kan vel alltids få kjøpe. Andeegga veit eg er godt innafor standard og blir befrukta Han fikk beskjed om at egga var blanda med ho som går med andrik og ikkje, men han hadde såpass peiling at han prøvde sjå forskjell på egga og endte opp med og ta med seg 5 stykk. Så får håpe han får nokre andungar då! Han ville ha fleire, så må vist begynne å sortere egga framover. Og når han fikk sjå hønene som gikk ute, ville han gjerne ha egg etter dei også ein gong Endene våre legger vist boleegg, han hadde aldri sett så store andeegg før. Alle egga eg har vegd frå dei starta verpe, ligger på 98 gram. Og minstevekta på peking and egg, er vist 70 gram
  21. Hønene har begynt å legge egg! Typisk nok sambuar som nok ein gong oppdaga det. Heile 15 små egg låg der og venta på oss [emoji33][emoji16] Små gleder, blir heilt i ekstase av sånne ting eg [emoji23] Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
  22. Sambuar reiser på elgjakt om halvanna veke, og no ser det ut til at Hera har fått løpetid, ho som skulle vere med på jakt for første gong (sett vekk i frå då ho var pittelitta i fjor). Det var ikkje heilt med i timeplanen der, gitt. Fack!
  23. Spør her også eg For dåke som kan det med slakting av høns, kan eg få ei lita innføring? Lurer i bunn og grunn på alt man skal/bør gjere etter at høna/hanen er død. Er spesielt innmaten eg er usikker på korleis skal fjernast. Ta det gjerne på PM om det skulle bli for ekkel forklaring for sarte sjeler Har sett litt på youtube, spurt på fb grupper og lest på nett, men eg vil føle meg heilt trygg før eg begynner å slakte
  24. Seinvakt i dag og var ikkje heime før 21:30, hive i meg middag, ut med bikkjene etterpå, pakke ferdig, pusse tenna og sååå legge seg. Ser nesten ikkje poenget med å legge meg når eg uansett må opp mellom 03:15 og 03:30 for å rekke flybussen. Trur eg kreperar
  25. Har tenkt på det. Skal sette opp eit skikkeleg gjerde mot snøen brøytebilen sprutar over her, så kan vel like gjerne lage til ein enkel port i samme slengen [emoji4] Førsteprioritet er uansett å få opp den hersens garasjen, det tar litt tid det vist nok Sent fra min SM-G900F via Tapatalk
×
×
  • Opprett ny...